Det blir visst ein rykk og napp blogg denne bloggrunden og. Sånn må det visst berre vere.
Eg har den siste veka hatt tilhald i Longyearbyen på Svalbard. Her skal eg vere i endå ei god veke før eg vender nasen tilbake Oslo. Grunnen til at eg er her er at eg tek eit masterkurs som heiter "Arctic winter ecology". Vi lærer om korleis ulike organismegrupper er tilpassa vinteren i Arktis - både anatomisk, fysiologisk og adferdsmessig, og om korleis vinterforholda (i kontrast til sommarforholda) påverkar biologien og økosystemet her oppe. Undervisninga foregår både innandørs og utandørs, og foreleserane er ofte dei flinkaste av dei flinke på sitt fagfelt. Det er veldig inspirerande å lære frå sånne folk. Dei har vore med på så utruleg mykje rart! Og feltarbeid i den arktiske vinteren - det er barsk det! Normaltemperaturen har låge under -15 grader kvar feltdag så langt, og då har vi ikkje begynt å rekne på effektive kuldegrader. Vi føler oss litt som små månemenn der vi vagger av garde i tjukke overtrekksdressar og alt for store scootersko for å gjere observasjonar og målingar ute i polarnatta. Men til tross for mange relativt kalde timar ute i kulda går det enn så lenge bra med både tær og fingre og nase. Det gjenstår å sjå korleis det går når vi skal tilbake i mars og temperaturane normalt ligg endå endel lågare.
Dette, og neste bolk av kurset som går i mars, vert eigentleg berre ei opplading til at eg frå neste sommar av skal tilbringe eit heilt år her oppe. Då er det masterarbeid som står på planen. I juni reiser eg opp, og heile sommaren vert det feltarbeid og kurs i arktisk planteøkologi i meir eller mindre skjønn forening. Med ei vekes feltcruise i økologikurset og potensielt både feltcruise og andre feltturar i kortare eller lengre avstand frå Longyearbyen i samband med masterfeltarbeidet ligg det an til å bli ein sommar med store opplevingar og mykje læring. Hausten og vinteren kjem eg til å sitte på lab og med analyser av innsamla materiale og data.
Eg ser fram til året med ein slags skrekkblanda fryd. Mest sannsynleg blir det eit fantastisk år og eg er kjempeglad for å få muligheita til å gjere noko som eigentleg har vore ein draum sidan eg var på Svalbard sist gong for over fem år sidan - å tilbringe eit år i arktis. Med midnattsol, permafrost, fantastisk natur, eit fasinerande (og utruleg tilpassa) dyreliv, turar, mørketid, festivalar og alt det andre Arktis og lokalsamfunnet her i Longyearbyen har å by på. Samtidig kjenner eg at eg pusher nokon grenser ved å dra opp hit for eit heilt år - i utgangspunktet heilt åleine. Bort frå alt det trygge og fine i Oslo. Bort frå alle dei folka eg setter sånn pris på å sjå jevnleg. Bort frå Blindernlivet som eg begynner å like så innmari godt. Bort frå alle dei aktivitetane og hendingane eg likar å fylle kvardagen med. Men, er det ikkje sånn dei store opplevingane som vert sittande for livet blir til? Når ein beveger seg litt utanfor komfortsona og vågar å ta eit steg ut i det ukjente og potensielt fantastiske? Forhåpentlegvis er det den kjensla eg sit igjen med når det året er over, at eg er glad for at eg tok moglegheita og at eg aldri ville vore det året foruten.
Men enn så lenge skal eg nye Oslolivet og alt det har å by på til det fulle. Om ikkje lenge er ski - og vintercampsesongen i gang. Hu hei som eg gler meg!
PS. Sidan kameraet mitt har vore på ein aldri så liten svipptur til Alta (lang historie) blir det ingen Svalbardbilder i denne omgang. Lovar å komme sterkare tilbake :)
Livet.
Ein blogg om alle dei fine tinga det er kjekt å kunne dele med andre.
søndag 11. november 2012
onsdag 22. august 2012
Den nordnorske fjellheimen
Etter ankomst Fauske med toget bar det rett til fjells saman med bestemor Marit og søskenbarn Anders. Dei første dagane vart brukt på hytta i Sulis. Etterpå gjekk turen vidare til Saltdal og hytta til tante og onkel ved Jarbruvann.
Bileta kan i grunn få fortelje resten.
Ekte nordnorsk fjellsommar.
Anders ventar på steikevarme til fisken.
Stortreff ved Balvatn med Øystein, Heidi og Marte og vener av dei.
Særs fornøgd på tur åleine frå Tjorvi via Dorro til Risvatnet.
Idylliske Jarbruvann.
Ingrid.
Fokusert fiskeknutebindar.
Flogefiskaronkelen i disen.
Hytteeigarane.
Takk til naturen, hytter og folk for nydelege dagar til fjells.
fredag 10. august 2012
Første etappe
Første etappe av årets ferietur gjekk nordover frå Oslo til Fauske med tog. Det vart ei overaskande positiv oppleving. Med lydbok på øret og hekletøy i hendene suste vi avgårde nordover. Det er noko utruleg avslappande og behageleg med det å vite at ein skal sitte i ro på same staden i timesvis. Ein kan like gjerne gli inn i eit roleg og halvfilosofisk modus medan landskapet fær forbi utanfor glaset når ein først må sitte der. Eg hadde på førehand trudd at ein sånn tur ville bli gørrkjedelig å gjennomføre på eigenhand og at det hadde vore mykje betre å ta den saman med nokon andre. No er eg ikkje heilt sikker lenger.
Nordlandsbanen, det blir nok ikkje siste gongen vi sjåast.
Nordlandsbanen, det blir nok ikkje siste gongen vi sjåast.
Nordlandsbanen frå Trondheim,
med ein fantastisk solnedgang.
Sommaren 2012
Denne sommaren kunne hatt slagordet "Mildrid gjer nye ting på eigenhand". Det kan kanskje høyres litt trist ut, men i grunn så har det vore ein tilnærma perfekt sommar. Eg har vore på stadar eg likar å vere saman med personar eg likar å vere saman med.
Av nye erfaringar frå sommaren 2012:
- Eg har vore med i prosjektgruppa for Tt12 og vore heldig å få oppleve Tt på Gjøvik frå ei ny, spennande og veldig kjekk side
- Eg har vore på ferie nordover, for første gong på eigenhand
- Eg har reist med nordlandsbanen nordover for første gong på så lenge eg har huske
- Eg har roadtripa sørover saman med venner
- Eg har vore aleine på Stølstur med fine småfetterar
- Eg har blitt ram på å kjøre motorbåten over Vonavatnet (påhengsmotor) heilt åleine
Eg har altså vore på ferietur både nordover og sørover, heilt på sjølvstyr. Det har vore flott!
Av nye erfaringar frå sommaren 2012:
- Eg har vore med i prosjektgruppa for Tt12 og vore heldig å få oppleve Tt på Gjøvik frå ei ny, spennande og veldig kjekk side
- Eg har vore på ferie nordover, for første gong på eigenhand
- Eg har reist med nordlandsbanen nordover for første gong på så lenge eg har huske
- Eg har roadtripa sørover saman med venner
- Eg har vore aleine på Stølstur med fine småfetterar
- Eg har blitt ram på å kjøre motorbåten over Vonavatnet (påhengsmotor) heilt åleine
Eg har altså vore på ferietur både nordover og sørover, heilt på sjølvstyr. Det har vore flott!
søndag 3. juni 2012
Forsommarliv
Mai og juni er som vanleg synonymt med eksamenslesing og lange dagar innandørs. Men litt anna har det blitt tid til innimellom.
Grilling og slakk line i Frongerparken ein sein og varm maikveld.
Sykkeltur i Nordmarka. Svette og fornøgde.
Blomster plukka på veg heim fra jobb i kveld.
Om et par veker er det eksamensfri og sommarferie. Det blir fint. Eg gler meg til ferie og deilig sommarliv i Oslo.
tirsdag 15. mai 2012
Påskeperfeksjon
Når familien Svoen skal på påsketur er visst ingenting overlatt til tilfeldighetane. "Kas type appelsin skal vi kjøpe? Dei her er lausvektappelsiner og dei her er fra nett." Konklusjon: Lausvektappelsiner er best.
onsdag 2. mai 2012
Herleg 1. mai-tur
Tidleg på tirsdagsmorran drog eg og Helene frå Oslo i retning av Gaustatoppen. Etter i underkant av tre timars køyring var den plutseleg der, Gaustatoppen, klar til å bli beseira.
Og etter tre timar med svetting og melkesyre i låra var vi endeleg på toppen. (Lyst på eit tips? Ikkje dra på spinning dagen før du skal på topptur..)
Utsikta på toppen var heilt fantastisk.
Det samme var temperaturen.
Nåkken tok den litt lenger enn andre. Han kjørte like godt ned igjen i same på(/av)kledning, sjølvsagt med skredsøkar rundt livet.
Vel nede og særs fornøgd med dagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)